Anne Oline Gullaksen går til Førdefestivalen

Anne Oline Gullaksen er nytilsett økonomi- og sponsorsjef i Førdefestivalen

Anne Oline Gullaksen frå Førde er tilsett som ny økonomi- og sponsorsjef i Førdefestivalen. Ho byrjar i jobben 14. mars. - Anne Oline Gullaksen kjem med lang erfaring frå reiseliv og arrangement. Ho har eit stort nettverk, og ikkje minst eit stort engasjement for utviklinga av Førde og Sunnfjord, seier direktør Per Idar Almås. -Eg kjenner meg trygg på at vi har tilsett rett person i denne stillinga.

- Eg gler meg til å starte arbeidet for Førdefestivalen. Det blir litt som «å kome heim». Eg har hatt festivalen tett på meg tidlegare og vore heldig å få gjere små-jobbar for dei fleire gonger, seier Gullaksen.

I meir enn ti år har Anne Oline Gullaksen drive reisebyrå i Førde, og hatt som jobb å sende sunnfjordingar ut over landegrensene. No gler ho seg vilt til å vere med å ta imot verda her i Førde. - I tillegg brenn eg etter å få alle (!) som bur i Sunnfjord til å delta på festivalen. Her er det mogleg å utfordre seg sjølv og få nye opplevingar. Sjølv er eg ingen musikk-kjennar eller typisk folkemusikk-entusiast, men eg har likevel kvart einaste år hatt magiske opplevingar på Førdefestivalen, seier Anne Oline Gullaksen. Ho har vore på trommekurs (!) og dansekurs, dansa gamaldans på plenen til Sunnfjord Hotell til frukost og høyrt musikk ho aldri kjem til å høyre igjen. No utfordrar ho alle i byn til å gå på ein konsert under Førdefestivalen 6.-10. juli. -Utfordre deg sjølv. Eg garanterer deg nye opplevingar, som er vel verde å ta med seg!

Forrige
Forrige

Endeleg kan vi arrangere fullskala festival igjen!

Neste
Neste

Direktøren i Førdefestivalen går av