Direktøren i Førdefestivalen går av

 

Per Idar Almås går av som direktør for Førdefestivalen. Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

 

Direktør og kunstnarleg leiar for Førdefestiven, Per Idar Almås, går av etter snart fire år i stillinga. Det skjer etter eige ønske. 

- I fire år har eg hatt gleda av å leie ein av dei største festivalane i Norge saman med ein svært dyktig stab. Dei to siste åra har vore særs utfordrande, men Førdefestivalen har kome seg vel igjennom den mest krevjande perioden i moderne tid for kulturbransjen. Denne våren vil forhåpentlegvis samfunnet - og kulturlivet - komme tilbake til normalen, og eg tenkjer tidspunktet er godt for eit skifte. No ønskjer eg å gå vidare til nye prosjekt, og prøve meg på andre arenaer i kulturlivet. Eg går vidare, og ein ny leiar tek over, seier Per Idar Almås. - Fokuset no framover er på gjennomføringa av den fantastiske festivalen vi har planlagt dei siste månadane. 

Almås skal jobbe i Førdefestivalen til over sommaren, fram til ny leiar blir tilsett. -Styret i Førdefestivalen set umiddelbart i gang med rekrutteringsprosessen for å få på plass ny direktør i løpet av våren, seier styreleiar Arne Osland.

Forrige
Forrige

Anne Oline Gullaksen går til Førdefestivalen

Neste
Neste

'MUSIKK I KRISER' TEMA PÅ FØRDEFESTIVALEN 2022