Tema og første artistslepp
Musikk & språk blir tema på den 35. Førdefestivalen, som går av stabelen 2.-6. juli 2025. – Musikk og språk høyrer saman. Å bruke sitt eige språk er ikkje berre eit språkval, det er ofte også ein kulturell adresselapp som seier noko om kvar vi høyrer til. Det same høyrer vi att i musikken. Tidlegare, meir enn no, var folkemusikken folk sitt musikalske morsmål, fortel Sølvi Lien, direktør for Førdefestivalen. Temaet er aktuelt i ei verd som verkar mørk og uroleg. Folk søkjer tilbake til det opphavelege og trygge. Då er både folkemusikk og språk viktig. Mange får nye heimland og brukar song for å hugse morsmålet sitt. Song er også ein god måte å lære seg nye språk på.
Universelt språk
Musikk er eit universelt språk som kommuniserer på tvers av alle grenser og barrierar. På Førdefestivalen får publikum lytte til musikk dei ikkje har høyrt før og songar på språk dei ikkje forstår. Likevel talar musikken til dei og fortel historier frå heile verda. -Dette har lege i ryggmargen til festivalen i 35 år, og vi veit at mange kjem fordi dei opplever denne samlande krafta i folkemusikken, seier festivaldirektøren.
Samisk tingingsverk for første gong
Tingingsverket på årets Førdefestival blir skrive av Marja Mortensson. -Marja Mortensson er ein av våre mest etterspurde og respekterte samiske artistar i dag og brukar musikk i kampen for å ta vare på det sørsamiske språket, som er sterkt truga, seier festivaldirektøren, som syns det er flott med samisk tingingsverk for første gong i Førde. Som artist ønskjer Marja Mortensson å gjere ein skilnad, språkleg, kulturelt, informativt. Ho ønskjer å vere til inspirasjon og gje eit breiare utval av musikk og tekstar på sørsamisk. -Eg har brukt musikk og brukar framleis musikken til å vidareutvikle mitt eige språk, seier Marja Mortensson. -For meg er det som om melodien i ein joik er noko alle, uansett bakgrunn, kan føle, ta inn og forstå på eit djupare nivå.
Den som visste den visste
Tingingsverket har fått tittelen Jaevrie-gaske - landet mellom to sjøar. Marja Mortensson forklarer tittelen slik: Om rett mottakar høyrde bodskapen, kunne bodskapen sendast vidare. Meldingane var ikkje meinte for andre sine øyre. Dei måtte kløktig pakkast inn i dei rette orda. Måten å framføre joiken eller verset på, var ein heilt eigen stil. Den som visste den visste. -Joiken er kjenslene sitt språk, den er ekte og inderleg. Det er så mykje meir direkte å joike ei kjensle enn å setje ord på ho. Nokre gonger finn du kanskje ikkje orda heller. I samiske språk er det ikkje alltid det er så mange adjektiv som skildrar kva du føler. Kanskje er det fordi joiken er måten vi kommuniserer kjenslene våre på? Når joiken stilna forsvann kanskje måten å formidle kjenslene våre hen?
Mortensson har ofte fundert over, kva som er det samiske kunstnarspråket. -Det å skrive tekstar og bruke metaforar som ligg det samiske språket og levemåten nært, er noko eg stadig prøvar å utforske. Det at ein tidlegare måtte joike med dobbelt botn for å vidareformidle bodskap eller viktige beskjedar var også velkjent i det samiske samfunnet. Dette er noko eg ikkje har lært mykje om, men syns er ein veldig interessant del av vår språkhistorie. Så i tingingsverket har eg lyst å utforske dette i mine sangtekster og dajahus (joiketekstar).
Marja Mortensson kjem til Førde med tre eminente musikarar: Daniel Herskedal på tuba og Jakop Janssøn på perkusjon som ho spelar fast med, og i tillegg Kristian Olstad på gitar.
Urfolksartist frå Guatemala får noregsdebut
Førdefestivalen er også stolte over å presentere Sara Curruchich for første gong i Noreg. Urfolksmusikaren og musikkaktivisten frå Guatemala er ei gryande stjerne på den internasjonale musikkscena. -Akkurat som Marja Mortensson brukar ho musikken til å ta vare på og løfte fram morsmålet sitt, kaqchikel, eit språk ho er den første til å bruke framfor eit internasjonalt publikum, fortel Lien. I tillegg syng og snakkar ho på spansk.
Gjennom musikken feirar Sara Curruchich urfolksarven sin, og framhevar dei kvinnelege forfedrane si motstandskraft i møte med undertrykking. Ho syng ikkje berre for seg sjølv, men for generasjonar av urfolkskvinner som kom før henne, og for generasjonane som kjem etter henne. Det å synge på morsmålet er ein måte å bere med seg samfunnet sitt uansett kvar ho er og på den måten heidre røtene sine.
Sara Curruchich sin musikk er ei energisk blanding av tradisjonell mayansk kagchikel-musikk og rock, og med sterk stemmeprakt formidlar ho ein bodskap om kjærleik, medvit, respekt og forsvar av livet i alle sine former. Bodskapen har ho formidla til fleire av dei mest avsidesliggande samfunna i Guatemala, og mange ser på ho som eit lysande symbol på håp.
“Språk i spel” på Førdekonferansen
På Førdekonferansen 2025, kulturkonferansen som vert arrangert torsdagen på festivalen, er temaet Språk i spel. -Vi har vore heldige å få Janne Stigen Drangsholt, forfattar og litteraturprofessor ved Universitetet i Stavanger til å leie konferansen som byr på spennande innlegg og samtalar om sider ved språk med utgangspunkt i ulike kunstretningar, fortel Lien. Konferansen vil ta opp tema som retorikk, språk og makt og farleg språk for å nemne noko. At musikk kan vere eit døme på det siste, ser vi når musikken blir totalforboden i enkelte land, seier ho. Folkemusikken snakkar til behovet for å vere menneske saman. Folk som møtest, pratar og får påfyll av kultur og kunnskap er nøkkelen til å motverke tap av demokrati.
Heile programmet for den 35. Førdefestivalen og for Førdekonferansen 2025 vert lansert torsdag 3. april. Då startar også billettsalet for alle arrangement.