Reiel Haugland ny styreleiar for Førdefestivalen

Reiel Haugland er utnemnd til styreleiar for Førdefestivalen.

 

Reiel Haugland er utnemnd til ny styreleiar for Førdefestivalen. Han er teknologidirektør i Sparebank1 Sogn og Fjordane, og styremedlem i Sunnfjord Utvikling. Reiel er oppvaksen med folkemusikk og har vore på deltakar på og frivillig i Førdefestivalen i lange periodar. Vidare er han generelt oppteken av mangfald, og å bryte ned barrierar og grenser – og meiner kultur er eit sterkt og viktig verkemiddel for å få det til. Han brenn også for å skape aktivitet, liv og røre i byen han bur i, Førde.

Vi spurde han kva han syns om å få styreleiarspørsmålet: - Det var veldig enkelt. Svaret var ja, umiddelbart, ikkje mykje å tenkje på. Reiel har eit langt forhold til festivalen, og har mange minne frå musikk og kulturar han har møtt: -Det var på Førdefestivalen eg høyrde irsk tradisjonsmusikk levande for første gong. Det sette spor. Eg hugsar også masai-folket, som hoppa høgt. Utruleg eksotisk, seier han. Og strupesong. Det var vel inuittar, meiner eg. Spesielt og veldig fengslande!

Når det gjeld framtida til festivalen seier den nye styreleiaren: Eg vil sjølvsagt vere oppteken av at festivalen skal utvikle og fornye seg, men det vi gjer skal heile tida vere tufta på fortrinna den har og det solide fundamentet som er bygd opp gjennom år. Nytt publikum, nye arenaer, nye kanalar. Det er uendeleg kva som er mogleg i åra som kjem!

Reiel Haugland tek over styrevervet i Førdefestivalen etter Arne Osland, tidlegare utviklingsdirektør no lærar ved UWC Red Cross Nordic i Flekke. Han var styreleiar frå 2019.

 
Forrige
Forrige

Tema og første artistslepp

Neste
Neste

Julehelsing frå Førdefestivalen!