Julehelsing frå Førdefestivalen!
Sølvi, Leni, Ingebjørg, Torill, Marion og Anne Oline i Førdefestivalen ønskjer deg ei God Jul!
Vi i Førdefestivalen sender dei beste ønskje for jula og året vi snart går inn i. Vi takkar publikum, gode samarbeidspartar og ikkje minst alle frivillige for alt det fine vi har fått oppleve gjennom 2024. Vi ser fram til nye musikalske høgdepunkt i året som kjem. Det første vi gler oss til er å annonsere temaet for den 35. Førdefestivalen. Det skjer eit par veker ut i det nye året.
Festivalkontoret blir stengt i romjula. Vi er tilbake på torsdag 2. januar.