Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba

Mali si superstjerne tilbake til Førde!

Bassekou Kouyaté sin suksess på den internasjonale verdsmusikkscena har ikkje stagnert sidan han var i Førde så seint som i 2012. Dei to første platene hans «Segu Blue» og «I speak fula» gjekk begge til topps på verdsmusikkåringane, og sende Bassekou Kouyaté og ngoni-bandet hans ut på omfattande verdsturnéar. Fulle hus over alt.

I mars 2013, midt under militærkuppet i heimlandet, spelte han inn si tredje plate «Jama ko». Plata vart årets plate på World Music Charts Europe, og i musikkmagasin som Les Inrockubtible, Mojo, Uncut og fleire andre.

Bassekou Kouyaté har spelt med Ali Farka Touré, Toumani Diabaté, Youssou N’Dour, U2 og Carlos Santana. Han har stått på scena med Sir Paul McCartney og John Paul James. I dag er det Bassekou Kouyaté alle snakkar om. Det er han som er headliner på African Cubism, African Express og liknande prosjekt.

Han har nådd toppen, og alle de som opplevde Bassekou Kouyaté & Ngoni Ba sin forløysande konsert på festivalnatta for eit par år siden, veit at dette blir stort. Ngoni-kongen er tilbake med eit sterkt band og nye songar, men dei same heftige rytmane. Dette blir betre enn nokon gong – og det skjer ute i sommarnatta, på Festplassen. Det er berre å la seg rive med!

I år kan du også kome tett på Bassekou i intimt, akustisk format på Sommarnatt i Jølster.

Bassekou Kouyaté er den nye superstjerna i Mali.
The Guardian, UK

Fakta: Ngoni er den vest-afrikanske lutten med 4 strengar; og omtala som forløparen til banjoen. Bassekou Kouyaté har utvikla tradisjonsinstrumentet ved å legge til strengar. Bandet brukar ngoniar av ulik storleik.

Bassekou Kouyate ngoni
Amy Sacko vokal
Mamadou Kouyate
Moustafa Kouyate
Mahamadou Tounkara
Abou Sissoko
Moctar Kouyate

After his celebrated debut album ‘Segu Blue’ and the Grammy nominated follow up ‘I speak fula’, hundreds of concerts all over the globe, performing as headliner in the AfroCubism project. Just a few months ago, he appeared on stage together with Sir Paul McCartney, John Paul Jones, Damon Albarn and many others at the latest Africa Express events. In 2013 Bassekou Kouyate returned with his new album ‘Jama ko’. The album was recorded during the coup d’etat in March 2012 and is Bassekou’s statement to the ongoing crisis in Mali. The album became album of the year in the World Music Charts Europe 2013 and became best world music album of the year in Les Inrockubtible, Mojo, Uncut & many others.

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Astrid Sulheim og Ola Grøsland

Neste
Neste

Bhanwari Devi | Rajasthan