Divna

Guddommeleg stemmeprakt

Elleve år gamal starta Divna sin songkarriere i Vavadenje-klostret i Beograd. Med ei genuin interesse for religion og song, gjekk ho til musikkpedagogstudier ved Novi Sad Academy of Arts. Atten år gammal vart ho dirigent for studentkoret Mokranjac. Etter kort tid tok ho også over som dirigent, den yngste nokon gong, for det eldste koralkoret i Beograd, Belgrade’s First Singing Society. Begge kora markerte seg sterkt i inn- og utland. I 1991 etablerte Divna sitt eige vokalensemble av musikalske og åndelege vener. Melodi, som ensemblet kallar seg, har ei lang rekkje plateutgjevingar bak seg – og over fem hundre konsertar over heile verda. Divna er, i tillegg til å vere dirigent, ein etterspurt solist og foredragshaldar over heile Europa.

Melodi er rekna som ei av dei beste vokalgruppene i Europa, og dei som opplevde songen deira på midnattskonserten vår i Førde kyrkje i 2011, vil nok skrive under på det. Det var magisk - og guddommeleg vakkert. Denne magien vil vi gjerne at fleire skal få oppleve, difor har vi invitert Divna tilbake på jubileumsfestivalen. Det blir ny konsert i Førde kyrkje, men denne gongen litt tidlegare på fredagskvelden, kl. 21.00.

Repertoaret byggjer på den ortodokse musikkarven med røter i bysantinsk og russisk tradisjonsmusikk. Framføringa skjer med ei stemmeprakt vi ikkje kan forklare. Ho må opplevast!

divna-melodi.com 

Divna Ljubojevic
Tatjana Ristic
Sasa Damnjanovic
Viktor Ljujic
Zoran Tesic
Zoran Draskovic 

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Cigdem Aslan

Neste
Neste

Draumelaget - Sogn og Fjordane