Cigdem Aslan
Rebetika med bittersøt eleganse
Cigdem Aslan er eit namn å merke seg. Hennar bittersøte rebetika tek oss med på ei reise i ein musikktradisjon som oppstod blant tyrkarar og grekarar som var tvinga til eit liv i eksil. Trass i at rebetika-musikken på 1920-talet var forboden både av greske og tyrkiske styremakter, levde den - i dei små kafeane i Athen, Pireus og Istanbul. Rebetika er blues. Musikk frå undergrunnen med håp om fridom i kvar strofe.
Cigdem Aslan har leita fram songane om kjærleik, svik og draumen om eit nytt liv. Ho har gjort dei til sine songer, og med si særeigne stemme formidlar ho den sterke kjensla av undertrykking og overgrep som mange etniske minoritetar i desse områda har kjent på i mange år. Cigdem Aslan er ei moderne kvinne.
Ho bur i London, men er fødd av kurdiske foreldre i Sisli i Tyrkia. Som emigrant er ho sterkt oppteken av måten minoritetar, som hennar eigen, vert behandla. Omgjeven av eit knippe dyktige musikarar, er ho ei av svært få kvinner som fører rebetika-tradisjonen vidare. Og Cigdem Aslan er på god veg mot stjernene, skal vi tru mottakinga debutalbumet hennar, Mortissa, har fått.
* Top 10 Best Album of 2013 Songlines Magazine
* Top 10 World Music Charts Europe (October & November)
* fRoots Critics Poll nomination
* 5 Must-Hear International Albums National Public Radio USA
* Top 3 Favourite Discs of November at Radio Mundofonias Spain
Mortissa betyr noko sånt som ei “sterk, livsglad, frilynd og sjølvstendig kvinne”
"This album is a major work in traditionally-based music, and should deservedly bring the artist who made it to international fame"
fRoots Mag
“Just occasionally, a new artist emerges to throw old music styles into an intriguing contemporary perspective…. one of the best British-based discoveries of the year”
The Guardian
"a rising star and a truly sublime singer of rebetika... a release of international significance"
London Evening Standard
"possesses the smokiness that marks a true rembetiko singer"
National Public Radio