Hekla Stålstrenga
Reinhekla magi!
Dette nordnorske folkemusikk-bandet har blitt allemannseige, du har høyrt dei på radioen: Slagerar som Båtbygger Jo, Folketonen og ikkje minst den nydelege cover-versjonen av Ola Bremnes-låten Har du fyr kvalifiserer snart til heiderstittelen ”landeplager”! Eller sagt med Hekla Stålstrenga sine ord: "Låtar som ikkje gjev nattefred, tonar som gjer at du er nøydd til å nynne med."
Bandet fyller konsertsalar med tusenvis av fans, men dei veit kvar dei høyrer til, og dei lengtar heim – ut til utpostane der musikken deira har røtene sine. Og dei finn fram, til dei minste grendene, på smale vegar, lengst nord i landet. Jentene i ein bubil, gutane i ein annan. (NRK kalla dokumentaren om turnelivet ”Reinhekla magi”. Sjå den på nrk.no!)
Bandet er nemleg hundre prosent nordnorsk og opptekne av å ta vare på tradisjonane og tekstane derifrå. Og same kor stor eller liten salen er, skjer det same når dei går på scena. Det same som dei syng om i Folketonen: Ei glede vi alle kjenner vert utløyst når musikken deira får leite seg inn i øyret. Den nordnorske folkemusikken har inspirert musikarane til å finne ein formel for å skape populærmusikk som alle må nynne, danse og smile til. Dei er mellom våre fremste, profesjonelle utøvarar på sine instrument. Men først og fremst er det evna til å nå fram til kvar einaste ein i salen, og spele på det som er likt i oss– det vi har felles, som er Hekla Stålstrenga sitt kvalitetsstempel.
Like sikkert som at du kjenner ei glede ”når solauget stig i aust” blir du glad når desse fem går på scena:
Ragnhild Furebotten - fele, song, låtskrivar
Tore Brunvoll - gitarar, låtskrivar
Anne Nymo Trulsen - vokalist, låtskrivar, trøorgel
Trond-Viggo Solås - bass
Ole-Jakob Larsen - trommer