Giorgos Xylouris

Giorgos Xylouris, også kjend som Psarogiorgis, er ein av dei leiande songarane og musikarane på Kreta i dag. Han spelar laouto, den kretiske lutten, og står i ein fleire hundreår gamal musikktradisjon frå Kreta. Han er oppvaksen i ein musikarfamilie i ein liten fjellandsby med rike musikktradisjonar. Familien hans har vore pådrivarar når det gjeld å blåse nytt liv i og løfte fram den lokale musikken. Alt som 11-åring følgde Giorgos faren Psarantonis og onkelen på speleoppdrag i bryllaup og andre festar, og var med på plateinnspelingar. Møte med andre kulturar, ikkje minst dei åtte åra Giorgos Xylouris budde i Australia, har utvida hans musikalske horisont. Han har mellom anna gjeve lutten ein ny rolle i gresk tradisjonsmusikk, ved at han brukar det som soloinstrument. Det er ikkje lenger berre eit rytmeinstrument, som backar opp lyra (kretisk fele), det mest kjende greske folkemusikkinstrumentet. Giorgos Xylouris har gjort meir for lutten enn nokon av hans forgjengarar. I dag turnerer han med sitt eige ensemble, og samarbeider med musikarar også frå andre sjangrar. Til Førdefestivalen kjem han både med musikarar og ein dansar som også tilbyr kurs for dei danseglade!

Giorgos Xylouris - laouto
George Saloustros - daulaki (tromme), askomantoura (sekkepipe),
ampioli (blåseinstrument), mandola
Antonis Xylouris - lutt og mandolin
Nikos Xylouris - lyra
Ioannis Zacharioudakis - dans


Giorgos Xylouris, also known as Psarogiorgis, plays the Cretan Lute (laouto) and sings Cretan music from a centuries old tradition. He was raised in a small village in the Cretan mountains well-known for its tradition in music. His family have been instrumental in not only reviving traditional Cretan music, but also in bringing it to new levels. Giorgos lived eight years in Australia, where he broadened his musical horizons through contact with musicians of other cultures. By placing the laouto in the unusual role of lead instrument he has transformed it into a melodic instrument to frame and adorn song. Giorgos Xylouris has performed extensively both in his native Crete, his second home Australia, and internationally at world music festivals. He has collaborated with musicians from both folk and rock traditions and has frequently participated in the projects of Ross Daly which incorporate musicians from Tuva, India, Iran and Afghanistan. Today considered to be one of Crete's foremost singers and instrumentalists.

 

 

Konsertar:


Forrige
Forrige

Gergana Dimitrova

Neste
Neste

Gro Marie Svidal