LINDA GYTRI TRIO

Nyskapande trekkspelmusikk med friske vindpust og melankolsk ettertanke er Linda Gytri sitt varemerke. Ho teiknar musikalske landskap der du svevar av garde: Lyrisk, sensitivt, varmt og virtoust – og alltid med ein folkemusikalsk grunntone.  Etter solid suksess med soloplata Umbra i 2012 har ho no fått følgje av den finske pianolegenda Timo Alakotila (JPP, Nordik Tree, Maria Kalaniemi Ensemble) og bassist Anders Bitustøyl (Sigrid Moldestad Band, Morten Abel Band). Dei to har solid forankring i både nordisk folkemusikk, pop, reggae og finsk tango. Med utgangspunkt i Gytri sine komposisjonar, inviterer trioen publikum inn i ei musikalsk verd som både er leiken og drøymande, og som framfor alt byr på ei musikalsk kraft det er vanskeleg å motstå. Presse og publikum har omfamna trioen si første plate Audire frå første stund (audire tyder lytte på latin).

Linda Gytri - trekkspel
Timo Alakotila - piano
Anders Bitustøyl - kontrabass

 "Ei spesielt god plate, poetisk og gjennomtenkt. Med eit stort teknisk register, fine klangar og og dynamikk som får musikken til å bølge framover"  Kjetil Bjørgan, NRK

«Linda Gytri er ei av dei beste i Noreg i ein sjeldan kunstart: å la folkemusikken leve fint inni eit trekkspel. Springar, vals, bruremarsjar – alt friskt, organisk og med ettertrykk!» Gabriel Fliflet, Columbi Egg

 

Lyrical, sensitive, warm and with great virtuosity – Linda Gytri from Oldedalen, Norway, is an unique accordionist and composer, playing folk music and own tunes that touches your heart directly. She invites her audience into new landscapes of music, with quiet places for melancholy quickly changing to windfull polkas full of joy. Linda Gytri is awarded a two year scholarship from Arts Council Norway to work as a fulltime musician. She was Norwegian Champion of the accordion at early age, and has a master`s degree in folk music, studying with Maria Kalaniemi at Sibelius Academy, Finland, and Jon Faukstad in Norway.

 



Konsertar: 

 





Forrige
Forrige

Khaira Arby

Neste
Neste

Mahua Shankar