Janusz Prusinowski Kompania & Janusz Olejniczak
Janusz Prusinowski Kompania spelar tradisjonsmusikk frå den polske landsbygda, men i sin eigen versjon. Med utgangspunkt i den sterke mazurka-tradisjonen i Polen, ville Janusz Prusinowski finne fram til nye måtar å presentere den på som passar for vår tid. Korleis kan vi fornye den gamle musikken, dei enkle melodiane, utan å falle for freistinga til å øydelegge dei typiske trekka ved å bringe inn element frå «moderne» musikk? Det viser seg at polsk folkemusikk har mange referansar til andre sjangrar. Bruken av improvisasjon liknar blues og jazz, og krafta og energien gjev assosiasjonar til rockemusikken. Også dei klassiske komponistane har latt seg inspirere av den polske tradisjonsmusikken, mellom anna når det gjeld melodiføring og bruk av rubato. Ikkje minst gjeld dette Polen sin store komponist Frédéric Chopin. Og det er nettopp sambandet til den klassiske musikken Janusz Prusinowski Kompania tek oss med inn i i hovudkonserten sin under Førdefestivalen; “The village roots of Frédéric Chopin’s music. Her har dei med seg den internasjonalt kjende klassiske pianisten, Janusz Olejniczak, m.a. kjend frå filmen Pianisten.
Janusz Prusinowski Trio har turnert over heile Europa og i Asia, Canada og USA m.a. med konsertar i Carnegie Hall og Chicago Symphony Center. Og no er dei klare for festivalscena i Førde!
Janusz Prusinowski - fele, dulcimer
Piotr Piszczatowski - perkusjon, trekkspel, dans
Michal Zak - fløyte, klarinett, shawm (treblåseinstrument)
Piotr Zgorzelski - kontrabass
Janusz Olejniczak - klaver
Janusz Prusinowski Trio is a group of musicians who have learned from village masters of central Poland and who follow in their traditions but they are also an avant-garde band with their own characteristic sound and language of improvisation. It brings together mazurkas – sung, played, danced to, improvised live – and modern man.