Team GløsTøs
Team GløsTøs er det legendariske spelemannslaget som vart etablert blant studentar i Trondheim i 2004. Laget debuterte på Landskappleiken i Eidfjord med ein 4.plass i lagspel og feira deretter i 3 dagar til ende. Av konkurransemessige høgdepunkt kan sigeren i nordisk meisterskap i folkemusikk i 2008 nemnast, for ikkje å gløyme 2.plassen i lagspel på landskappleiken i 2009 og 2013, der Team GløsTøs atter ein gong beviste at dei er Norges beste Hardingfelespelemannslag. Torkjel Bruland Lavoll var lagets første leiar, Ingrid Stuhaug tok over i 2010, og dagens leiar er den alltid like smashing Ingrid Heieren - som med sin stilreine touch av glamour leiar laget med stø hand. Team GløsTøs har som målsetting å spele best, sjå best ut og legge seg sist. Dei er kjend for knallhardt, kompromisslaust hardingfelespel der dei gjev alt.
Team GløsTøs er folkemusikkens svar på Satyricon, Atomic, Madonna og Berlin Filharmonien. Kom og opplev dette fantastiske livebandet med norgesrekord i vekttal! Team GløsTøs har gjort furore på undergrunnscenene i Trøndelag, Irland, Sverige, Svalbard og dei fleste dalstroka innafor – no er dei meir enn klare til å gje jernet på festivalnatta laurdag kveld under Førdefestivalen.
Team GløsTøs was established as a fiddle group for students at the University of Trondheim in 2004, and has evolved to be one of the leading hardanger fiddle ensembles in Norway. With around 30 members coming from all over the country, the Team GløsTøs are young and energetic, and with their hard core hardanger fiddle music, they love to make people dance all night long. What a perfect match they make for the gig at the FESTIVALNATT on the Saturday night at the Førde festival!