Thang Long Water Puppetry

Vietnam er det einaste landet i verda som har ein tradisjon med vassdokketeater. Tradisjonen stammar heilt tilbake til det 11. århundre i landsbyane ved elvedeltaet til Sông Hồng, «Den Røde elv» i Nord-Vietnam. Med vatn som scenegolv framfører tredokkene som vert ført av skjulte dokkeførarar dramatiske, humoristiske og spennande eventyr og historiar, og det heile vert akkompagnert av levande musikk og song frå eige orkester!

Vietnam har etter kvart fått fleire profesjonelle vassdokketeater. Vietnam har etter kvart fått fleire profesjonelle vassdokketeater. Thang Long Water Puppetry som kjem
til Førde, vart etablert i Hanoi i 1969. Sidan 90-talet har vassdokketeater vorte meir og meir populært i Vietnam - og ikkje minst internasjonalt. Thang Long Water Puppetry har turnert i 40 land, og har årleg meir enn 500 framsyningar, og eit publikumstal på 150000.

Vassdokketeaterframsyninga under Førdefestivalen skjer på Langebrutorget i Førde sentrum. Teaterbassenget, med tribune og scene vert bygd på staden, men det meste av utstyret er frakta heilt frå Vietnam til Førde! Etter den 30 minuttar lange framsyninga, vert publikum invitert til å sjå nærare på dokkene og korleis dei vert handterte av dokkeførarane.

Dei tre framsyninga med Thang Long Water Puppetry skjer i samarbeid med den vietnamesiske ambassaden i Norge og Melafestivalen, og med støtte frå kulturministeriet i Vietnam.

 


Vietnam is the only country in the world with a water puppetry tradition. The tradition goes all the way back to the 11th century, and the villages in the river delta Sông Höng, "The Red River" in North-Vietnam. The water is the stage floor where the wooden puppets are guided by the hidden puppeteers. The stories are humouristic and dramatic, and accompanied by live music.

In Førde the performances will be outdoor at Langebrutorget in the city center. After a 30 minutes performance the audience is invited to a short demonstration of how the technique in this amazing vietnamesian tradition works. 

 





Forrige
Forrige

Team GløsTøs

Neste
Neste

Toto La Momposina