Toto La Momposina

Karismatiske Toto La Momposina er ei levande legende innan afro-colombiansk song. Om nokon kan kalle seg Cumbia-dronninga, er det ho, som den fremste ambassadøren for musikktradisjonen frå Colombias karibiske kyst. Musikken er ein arv etter både afrikanske, indianske og spanske kulturar, og med Toto La Momposina i spissen har cumbia-rytmane vorte ein internasjonal dansefarsott.

Familien hennar er musikarar gjennom fem generasjonar, og alt som ung reiste ho frå landsby til landsby for å lære seg dei lokale musikktradisjonane. Toto La Momposina bestemte seg tidleg for å bli songar og entertainer. Og sidan 60-talet har namnet hennar vore viden kjent. Den colombianske cumbiaen er sjølve kjernen i hennar musikalske liv, men alle andre latinamerikanske rytmar inngår sjølvsagt også i repertoaret. Toto La Momposina har motteke motteke WOMEX Lifetime Achievement Award for sin  enorme innsats på verdsmusikkscena, og i ein alder av 74 år elskar ho framleis å stå på scena – og det er fantastisk å kunne ønskje denne flotte berføttdivaen velkomen tilbake til Førde 23 år etter ho var her første gong!


Toto La Momposina - vokal
Jorge Luis Aguilar - perkusjon, vokal, gaitas
Rafael Castro Vergara - perkusjon, vokal
Wilmer Guzman Arevalo - perkusjon, vokal
Edwin L Hernandez Ardila - klarinett, saksofon
Juan Carlos V Muñoz - tiple, vokal
Marco V Oyaga Basanta - perkusjon, vokal
Freddy Soto Coavas - trompet, vokal
Nestor Vanegas Forero - bass, vokal
Alejandro Niño

 

Toto La Momposina is a charismatic living legend of Afro-Colombian song, the original "Queen of Cumbia" whose entire life has been dedicated to representing the music of her country’s Caribbean coastline. A dynamic 74 year old, Toto continues to work tirelessly to promote the music of her homeland, driven by passion and the simple joy of performance. Through the power of her voice and creative spontaneity, Toto La Momposina has used this gift to summon people from all over the world, to hear the evocative village music of her roots, and celebrate a rich traditional legacy with one of the true giants of Latin American music.

 



Konsert:

 

Forrige
Forrige

Thang Long Water Puppetry

Neste
Neste

ULLA PIRTTIJÄRVI & ULDA