Kristin Skrivervik: Resonans
FESTIVALUTSTILLING
«Art is the sensual manifestation of the Idea», seier den tyske filosofen Hegel. –Eg kjenner meg familiær med denne tanken, seier årets festivalutstillar, Kristin Skrivervik. Ein oppvekst med musikk har gjort lyd og bilde til store inspirasjonskjelder, likeeins er naturen til inspirasjon.
Ernst Chladni med sine chladniske klangfigurar og Rupert Sheldrake med teoriane om morfiske felt og morfisk resonans gjev djup gjenklang hos Skrivervik, som held desse to som viktige medspelarar i den kunstnarlege prosessen hennar. Undringa følgjer ho også som ein trufast ven. –Den er ein underkjend aktivitet i vår tid, meiner ho, og er viktig både i den kunstnarlege prosessen og i opplevinga av kunst.
Kristin Skrivervik er fødd på Nordfjordeid, men har dei siste 32 åra budd og arbeidd på Nesodden. Ho er utdanna ved The National College of Art and Design i Oslo. Ho tok diplom (tekstilkunst) i -82, men sidan -83 har den viktigaste kunstforma hennar vore teikning. Skrivervik er tildelt Statens 3-årige arbeidsstipend for bildekunstnarar i perioden 2013-16.
Festivalutstlllinga skjer i samarbeid med Sunnfjord Kunstlag.
Utstillinga er open under heile festivalen. Publikum som har festivalpass kjem gratis inn. For andre er billettprisen kr. 20,- som de betalar kontant ved inngangen til utstillinga.