Cimbaliband

Humoristisk-musikalsk rundtur på Balkan

Cimbaliband vart kjende internasjonalt i 2013, då dei som første ungarske band spelte på den store  bransjemessa Eurosonic Noorderslag i Nederland. Sidan har publikum over heile verda fått bakoversveis av dette multikulturelle bandet sine virtuose instrumentalsoloar i deira humoristisk-musikalske rundreise i tid og rom på Balkan.

Frontfigur i Cimbaliband er Unger Balazs, eit unikum på cimbalom, og  karakterisert som The Chuck Berry of Cimbalom. Unger Balazs hentar inspirasjon frå det rike kulturmangfaldet i Ungarn, blandar det med godt humør, og leverer ein dose melodiøs fortare-enn-fort-musikk du knapt har høyrt maken til. Cimbaliband er pur musikkglede som løftar deg frå stolen!

Saman med Cimbaliband får du sjå dansaren Roland Toth i aksjon. Han har vunne fleire av dei nasjonale folkedanskonkurransane i heimlandet, i tillegg til å vere ein habil felespelar, og elev av Unger Balazs.  

 

Finally, cimbalom is rock’n’roll. Watch out for these Hungarians!’
— Thierry Sartoretti, Vibrations
This is a headlong and authentically clunky clash of Hungary’s thriving rock’n’roll party scene with traditional Magyar, Roma and Serb folk music
— fROOTS Magazine, 2015

Unger Balazs - cimbalom, vokal
Dora Danics - vokal
Unger Gergo - gitar, vokal
Babos Lorinc - tromme, perkusjon
Solymosi Mate - fele
Gulely Toth - kontrabass
Roland Toth - dans


Fredag 6. juli kl. 21.00 Columbi Egg
Hugleik, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa


Laurdag 7. juli kl. 20.30 Festivalgalla
Idrettshallen, Førdehuset


Laurdag 7. juli kl. 22.30 Dans, dans, dans!
Festsalen, Førdehuset

KJØP BILLETT PÅ BILLETTKONTORET.
FRI ENTRÉ MED BILLETT TIL FESTIVALGALLA. 


Søndag 8. juli kl. 17.00 Cimbaliband
Utekonsert, Sunnfjord Museum, Movika
(Sersjantløa, viss regn)

Gasta Design

Vi skaper lønnsame nettsider basert på Squarespace, og utviklar gjerne din visuelle identitet eller hjelper deg med digital markedsføring.

Forrige
Forrige

Cassie & Maggie

Neste
Neste

Constantinople & Ablaye Cissoko