Constantinople & Ablaye Cissoko
Eit poetisk møte mellom strenger og stemmer
Alle stadar, så langt tilbake vi kan minnast, har ordet tilhøyrt skalden, trubaduren, grioten. Desse ordsmedane, som har vore både bodbringarar og fredsmeklarar, knyter oss til naturkreftene, det guddommelege og minna om forgjengarane våre. Det har alltid falle i desse ordsmedane sitt lodd å syte for den kollektive folkesjela.
I dag gjer desse fritenkjarane og globetrottarane verda til sin eigen hage… Akkurat som dei evige trekkfuglane i Constantinople - og Ablaye Cissoko, ein griot frå Saint-Louis i Senegal.
Frå første stund vart møtet mellom dei av det poetiske slaget. Eit møte mellom strenger og stemmer, mellom epokar, mellom mandinka-kongedømmet og det persiske riket; eit møte som forsterka gleda over sjølve livet. Denne felles reisa inn i fantasi og ukjent landskap er som eit djupt andedrag før byrjinga på ei uforgløymeleg ferd - gjennom tid og landskap.
Ensemblet Constantinople vart etablert i 1998 i Montreal av legendariske Kiya Tabassian, og har med stor suksess spesialisert seg på å skape nye produksjonar i samarbeid med ensemble og solistar frå ulike kulturar og ulike sjangrar verda over. I alt kan dei notere seg for 40 ulike produksjonar, framførde på rundt 125 konsertar på festivalar og store konsertscener i 25 land.
Ablaye Cissoko - kora, vokal
Kiya Tabassian - siter, vokal
Patrick Graham - perkusjon
Pierre-Yves Martel - viola da gamba