Dei gamle er eldst - Silje Onstad Hålien

Foto: Thor Hauknes

Dei gamle er eldst er ei framsyning som ærar og kretsar rundt dei eldre hallingdansarane våre.

Du har garantert sett dei på kappleiksscena, møtt dei på dansefest eller sett dei på arkivopptak eller sett dei i aksjon på festivalar. 

Dei trør stega med livsrøynde kroppar og har tyngde i dansen som ungdommen berre kan drøyme om. Dei har skapt yrande dansemiljø kring seg og lærer framleis opp hallingdansarar rundt i heile landet.

På Førdefestivalen vert framsyninga Dei gamle er eldst vist i Storsalen i Førdehuset, og i tillegg vil utøvarane også vise seg på opningskonserten torsdag 5. juli, som har tittelen: Dansen i musikken - musikken i dansen! Det er første gong i historia at dansarane er samla på denne måten, med blodet brusande av dans og musikk. Her er levandegjeringa av dei historiske linjene. Her er dansarane som skal vise korleis det skal og bør gjerast. Dei gamle er trass alt eldst.

Det ligger en viss selvironi over hvordan de modne mennene kaster seg ut i sine karstykker. Hallingsparket er en slags manifestering av ungdommelig overmot i seg sjøl. For denne gjengen er det som om hver nedsparka hatt er en liten revansj.
— ballade.no

Les heile omtalen på Ballade.no

Martin Myhr – dans
Ingar Ranheim – dans
Rolf Bjørgan – dans
Dagfinn Krogsrud – dans
Vidar Underset – dans
Dag Hamre – dans

Sivert Holmen – musikk
Tuva Syvertsen – musikk og komposisjon
Silje Onstad Hålien – dans og koreografi

Framsyninga er produsert av Riksscenen, Førdefestivalen og Hilmestemnet i samarbeid med Dansekompaniet Villniss. Dei gamle er eldst er støtta av Norsk kulturråd.


FREDAG 6. JULI KL. 16.30 DEI GAMLE ER ELDST - SILJE ONSTAD HÅLIEN
STORSALEN, FØRDEHUSET

Forrige
Forrige

Danyel Waro

Neste
Neste

Dimitris Mystakidis