Hamid Sakhizada

På si første plateutgjeving i Norge har Hamid Sakhizada med seg Harpreet Bansal, Kaveh Mahmudiyan og Birger Mistereggen - og dei er sjølvsagt også med på konserten i Førde. Foto: Knut Utler

 

Held tradisjonen I live

Med livet som innsats løftar den afghanske musikaren Hamid Sakhizada fram tradisjonen sin, den eineståande hazaramusikken.

Den høgt respekterte musikaren frå Afghanistan har ein altoppslukande lidenskap for hazara-tradisjonen og damburaen, ein type lutt med to strengar. Damburaen gjev både melodi, akkordar og ein særprega rytme til den vakre afghanske folkemusikken.

Hamid Sakhizada hadde ein stor karriere i heimlandet, der han jobba iherdig med å halde oppe tradisjonsmusikken frå Hazara-provinsen. Han deltok mellom anna i ABA Annual Song Contest, den asiatiske versjonen av Eurovisjon, og kom på andreplass i ein afghansk versjon av The Voice, Afghan Star. Han har turnert i fleire land, og spelte inn tre plater før han kom til Norge, men hazarane er ein minoritet i Afghanistan, og interessa for tradisjonsmusikken her kosta han dyrt. Han vart truga og valdeleg trakassert av grupper som motsette seg hazaraminoriteten og av  religiøse fanatikarar.

To av musikkstudentane hans vart kidnappa og torturerte av Taliban. Den eine vart drepen. Etter denne hendinga, og stadig fleire trugsmål, måtte han flykte landet. Med hjelp frå ICORN og SafeMUSE kom han i slutten av 2016 til Harstad som fribymusikar. Her bur han framleis, og held fram arbeidet med å halde liv i sin eigen kulturarv.




Plateutgjeving i Norge

I november 2019 gav Sakhizada ut si første plate i Norge. Dai Raft, inneheld historia om eldgamle instrument og tradisjonar som står i fare for å bli gløymde. Songane handlar om kjærleik, sorg og glede. Plate inneheld tradisjonelle melodiar frå ulike regionar, i tillegg til Sakhizada sine eigne komposisjonar. Med seg på plata har han Birger Mistereggen, Harpreet Bansal og Kaveh Mahmudiyan.

I årevis har hazarane sin kulturarv og tradisjonar vorte latterleggjorde og undertrykte. Hamid tek tradisjonen på alvor, og formidlar den med varme og innleving. Saman med indisk fiolin, persisk tromme og norsk munnharpe, vert det skapt eit lydbilde som på den eine sida gjev inntrykk av tradisjon og folkemusikk, men som på same tid er noko nytt og kreativt. Rytmar, fraseringar og arrangement vert rørte saman i ein smeltedigel av tid og sjanger. Dei gamle folkemelodiane og Hamid sine eigne komposisjonar står støtt i fortid og notid, og vert overleverte i eit variert lydlandskap.


Hamid Sakhizada - vokal, dambura
Harpreet Bansal - fiolin
Birger Mistereggen - munnharpe, slåttetromme, perkusjon
Kaveh Mahmudiyan - tombak, daf, bandir

 

Konsertar:

Torsdag 8. juli kl. 20.00-21.30

OPNINGSKONSERT: HEIME

Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 9. juli kl. 12.00-12.20
Møt artisten: Hamid Sakhizada
Utstillingssalen, Førdehuset

Fredag 9. juli kl. 17.30-18.30
Hamid Sakhizada
Teatersalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Gabriel Fliflet

Neste
Neste

Harpreet Bansal & Sanskriti Shrestha