Harpreet Bansal & Sanskriti Shrestha

 

Indisk raga i klassisk form

Harpreet Bansal og Sanskriti Shrestha er ein del av ein ny generasjon musikarar i Oslo som opererer i skjeringspunkt mellom ulike sjangrar og kulturar. Dei har begge røter i klassisk indisk raga, og i duoen er det denne tradisjonen dei reindyrkar.

Harpreet Bansal er ein norsk-indisk fiolinist og komponist som er internasjonal kjend for sin djupt personlege måten ho tolkar den indiske raga-tradisjonen på. Med faren, Harbhajan Singh Bansal som sin første læremeister, kunne ho sin første raga alt som 2-åring. Ho har studert klassisk raga ved musikkonservatoriet i Oslo, og var den første som tok master i indisk musikk same stad. Dette ligg i botn for hennar no internasjonale karriere, der ho er ettertrakta både som solist og i ulike konstellasjonar og samarbeid. Harpreet har gjeve ut tre plater, Ragatronic (2014), Samaya (2018), som var nominert til Spellemannprisen, og Sabat Maher (2019).

Tablaspelaren Sanskriti Shrestha er frå Nepal, men er no busett i Oslo. Ho har vakse opp i ein familie med profesjonelle musikarar, og har tablaspelet i blodet. Med bakgrunn i tradisjonen ho kjem frå, har Sanskriti Shrestha utvikla ein innovativ og open musikkstil, der ho lett flyt mellom ulike sjangrar. I Shrestha sitt spel møtest fortid og notid og tradisjonar får nytt liv. Ho spelar mellom anna med Bugge Wesseltoft i New Conception of Jazz, i Moksha og Avatar.Som musikar er ho oppteken av å løfte fram tablaen som eit verdifullt og spennande instrument med eit stort potensial. Sanskriti Shrestha har vore i Førde ved fleire høve, og første gong ho var her, var som deltakar i Førdefestivalen sitt internasjonale talentprosjekt i ……

Konsert:

Fredag 9. juli kl. 14.30-15.10

Tett på: Harpreet & Sanskriti

Sørsalen, Sunnfjord kulturskule

 
Forrige
Forrige

Hamid Sakhizada

Neste
Neste

HEVD