HEVD

 

Runddanstakter frå Vestlandet

Hevd er ei folkemusikkgruppe frå Vestlandet - Rogaland, Fusa og Hardanger - som spelar runddansmusikk på festivalar, konsertar og til dans over heile regionen. Hevd har basisrepertoaret sitt frå runddanstradisjonen i Hardanger og spelar slåttar etter tradisjonsberarar som Nils Tjoflot, Lars Velure, Sjur Helgeland og Anders Kjeland. Med fokus på tradisjon, god dansetakt og godt humør har dei gjort det skarpt på Landsfestivalen i gammaldans, og gått heilt til topps på Blømingsfestivalen fleire gonger, seinast i 2019.

Ole Gjerde - toradar
Arve Bjørn Røneid -trekkspel
Alexander Røynstrand - hardingfele
Gisle Frydenlund - gitar
Sigbjørn Sjursen - kontrabass

 

Konsertar:

Fredag 9. juli kl. 21.00

Gammaldanskonsert: HEVD og SMÅRADARANE

Festsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Harpreet Bansal & Sanskriti Shrestha

Neste
Neste

Håkon Høgemo