Håkon Høgemo

Foto: Knut Utler

 

Håkon Høgemo frå Øvre Årdal er ein av våre mest kjende hardingfele-meistrar. I følgje sikre kjelder - altså han sjølv - har han over 1000 slåttar på repertoaret. Dei fleste av dei frå områda Sogn, Voss, Hardanger og Valdres. Han er ein høgt respektert læremeister, og i tillegg til konsertverksemd solo og med andre, underviser han på Norges Musikkhøgskole. Høgemo er kjend for sitt mangeårige samarbeid med sambygdingen Karl Seglem, og spelar med Seglem i alle format frå duo og trio, til større ensemble. Med Gamaltnymalt, der han spelar med Einar Mjølsnes og Sigrid Moldestad, fekk han Spellemannprisen i 2005. Fem år tidlegare vann han Spellemannprisen for plata Solo. Høgemo snakkar ikkje høgt om eigne bragder, men kan sjølvsagt smykke seg med det som er av prisar innan norsk folkemusikk.

Gode læremeistrar og inspirasjonskjelder er avgjerande for ein felespelar. Lars Skjervheim frå Voss har vore den viktigaste for Håkon Høgemo, som i dag utan tvil fyller denne rolla for mange av sine elevar.

Håkon Høgemo - hardingfele

 

 

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 16.30-17.10

Tett på: Håkon Høgemo

Sørsalen, Sunnfjord kulturskule

 
Forrige
Forrige

HEVD

Neste
Neste

Indre Sunnfjord Spelemannslag