Trad med Ti på Taket

Ti på Taket, fotografert under OsloFolk på Riksscenen. Foto: Knut Utler

 

Timannsensemblet Ti på Taket kjem til Førde med eit heilt nytt repertoar der tradisjonsmusikken er i høgsetet. Ti på Taket gav ut "Hildersyn" i 2017 med musikk av Irene Tillung, som er primus motor for dette prosjekt-ensemblet. Fleire av musikarane er blant landets mest renommerte, med alt frå folkemusikk, jazz og populærmusikk til klassisk musikk i bagasjen. Musikalsk har dei alltid vore sterkt inspirert av folkemusikk, men musikken er krydra med improvisasjon og fargelagd gjennom orkestrale arrangement. Denne gongen har dei teke for seg tradisjonsmateriale frå fjern og nær, og lagt på fargepalettane kritikarane tidlegare har rosa dei for.

Irene Tillung – akkordeon
Tore Brunborg – saksofon
Erik Sollid – hardingfele, fele
Erlend Viken – hardingfele
Lise Voldsdal – fiolin, autoharpe
Ragnhild Lien
– fiolin
Kaja Fjellberg Pettersen – cello
Juhani Silvola – gitar
Ellen Brekken – kontrabass
Pål Hausken – trommer

 

Konsert:

Laurdag 10. juli kl. 17.00-18.00
Trad med Ti på Taket
Storsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Tindra

Neste
Neste

Utla