Tindra
Gledeleg gjensyn
Seks år etter at Tindra hadde sin førebels siste konsert, etter å ha vore ei av landets mest profilerte folkemusikkgrupper i eit heilt tiår, takka dei heldigvis ja til å samlast igjen i Førde. Trioen har gitt ut fire album der to av dei er resultat av tingingar frå Førdefestivalen; «Den kvite hjorten» med Helge Jordal var familieframsyninga dei laga til festivalen i 2008 og "Live in Førde" var albumet dei gav ut etter konserten dei gjorde saman med med polske klezmertrioen, Kroke, i 2010. Albumet «Moder Norge» frå 2011 er eit album med tradisjonsmusikk frå Rogaland, medan debutalbumet «Lukkeleg vaking» frå 2006 hadde både eigenkomponert og tradisjonelt materiale. Debutalbumet var i tillegg nominert til Spellemann. Opp gjennom åra har Tindra turnert for Rikskonsertene både innanlands, i India og på Sri Lanka. Dei har ellers hatt turnear i eigen regi i Norge, Georgia og saman med Kroke i Belgia og Norge, og spelt fredskonsert i Sudan! På konserten i Førde vil publikum få høyre frå heile deira rikhaldige repertoar.
Åshild Vetrhus - vokal
Jorun Marie Kvernberg - feler, vokal
Irene Tillung - trekkspel, vokal