Kari Slaatsveen
Konferansier på festivalgalla
Kari Slaatsveen er kjend frå ulike radio- og TV-program på NRK gjennom 25 år. Dei siste åra har ho vore frilansar og delt tida si mellom skriving, snakking og sykling.
Ho har laga podkastseriar for Morgenbladet, Nationaltheateret, Tara og Teater Innlandet. Fabel-serien «Kari tråkker i salaten», handlar om forsøka på å dyrke mat i byen.
I 2018 debuterte ho med tekstsamlinga «Kvinnen som ble saget i to» og ho skriv for Harvest Magazine.
No for tida arbeider ho med det autoguiden for det nye Nasjonalmuseet.
Kari Slaatsveen skriv også tekstar til framsyningar, enten åleine eller saman med andre: Ideen om 2018 med Christian Eggen og Oslo Sinfonietta for Ultimafestivalen, Julesanatoriet med Ingrid Bjørnov og Men sola kommer i hvert fall ikke tilbake med Christian Eggen for Nordlysfestivalen (2020).