Kajsa Balto
Samisk urkraft - før og no!
Urkraft møter det moderne i Kajsa Balto sitt heilt unike musikalske uttrykk, der joik og nordsamisk tekst vert presentert i eit moderne og spennande lydbilde. Albumet Buot eallá (alt lever) vart sleppt i mai 2020, og fekk strålande mottaking hos norske musikkpresse. Musikken vert omtala som vakker, kraftfull og lyrisk; ei utvidande og stemningsfull reise som hyllar moder jord.Tittelen refererer til den gamle samiske trua på at alt i naturen har sjel, og plata er ei samling personjoikar frå Balto si eiga familie og songar som byggjer på tradisjonar frå Sápmi.
Kajsa Balto har markert seg som ein sterk vokalist og formidlar. I ryggen har ho strålande musikarar som er med på å gjere konsertane til sjeldne, mektige opplevingar. Du treng ikkje forstå samisk for å bli med inn i denne hjartenære musikalske verda.
Kajsa Balto - vokal
Ragnhild Tronsmo Haugland - cello
David Aleksander Sjølie - gitar
Karoline Bjørhei - trommer, perkusjon