Jovan Pavlovic & Anne Fossen
Bli med på ei musikalsk reise til Balkan
Jovan Pavlovic er fødd i Beograd, men kom til Norge som musikkstudent for meir enn 25 år sidan. Serbia hadde ikkje høgare utdanning for klassisk trekkspel, men det hadde dei ved Musikkonservatoriet i Trondheim. I dag er Pavlovic ein av våre mest akta og aktive profesjonelle trekkspelarar og komponistar, og ein stor ressurs særleg i det trønderske musikkmiljøet. Jovan Pavlovic spelar med verdskjende musikarar som Boban & Marko Markovic, Ivo Papasov, Peter Ralchev og Lelo Nika og dyrkar samarbeid på tvers av musikalske, kulturelle og geografiske grenser. I 2019 hadde han stor suksess med tingingsverket han skreiv for sin eigen trio og Luftforsvarets musikkorps til Transform-festivalen i Trondheim.
I november 2020 vart han kåra til Årets bykunstnar i Trondheim.
I Førde møter du Jovan Pavlovic i ein av Tett på-konsertane i den nye Sørsalen på kulturskulen. I tillegg har han familiekonsert på Halbrendsstølen saman med songaren Anne Fossen, som han er gift med. Denne fine duoen, som har fleire turnear bak seg for små og store, tek oss ikkje berre med på tur til Halbrendstølen - nei, herifrå legg vi ut på ei musikalsk reise til Balkan.
Konsertar: