Øyvind Brabant

Foto: Knut Utler

 

Ein sjeldan konsert med ein meisterspelemann

Spelemannen Øyvind Erling Brabant (f.1956)  frå Nesbyen i Hallingdal er ein av dei verkelege travarane i norsk hardingfelespel. Han gjekk i lære hjå meistrane Odd Bakkerud, Knut Myrann og Jens A. Myro med fleire og vert i dag rekna som ein av dei absolutt fremste tradisjonsberarane og spelemennene i Hallingdal. Øyvind har i mange tiår vore aktiv på kappleikar og har vunne A-klassen på Landskappleiken i tillegg til ei  mengde andre kappleikar.  Brabandt har gjeve ut to soloplater og medverka på fleire andre utgjevingar, som t.d. “Meisterspel” frå 1997. Øyvind er ein særs aktiv spelemann og pregar framleis toppen av resultatlistene på kappleikar med sitt groovy hallingspel. Han representerer Nes Spel- og dansarlag og er musikalsk leiar i Hallingdal Låtelag i tillegg til å vera ein særs ettertrakta dansespelemann.

 
 

Konsertar:


Laurdag 10. juli kl. 18.30-19.10

TETT PÅ - Øyvind Brabant 
   

Sørsalen, Sunnfjord kulturskule

Forrige
Forrige

Østerlide