Østerlide
‘Kvar kjem du frå? Kva er din musikk?’
Gitarist Andreas Haddeland vart svar skuldig då han fekk desse spørsmål av sin mangeårige kollega, den samiske musikaren Ulla Pirttijärvi. Med ønskje om å finne tilbake til eigne røter byrja han, samn med fokesongar Liv ulvik og perkusjonist Ulrik Ibsen Thorsrud, å forske i melodiar og historier frå den norske folkemusikktradisjonen. Saman har dei funne fram til eit uttrykk som kler folkemelodiane i nye drakt; av florlette, såre, lyse, mørke, sterke og røffe fabrikat. I opne musikalske landskap eller tronge klaustrofobiske musikalske rom vert lyttaren boren vidare av dei uslitelege og tidlause folkemelodiane som er forma og slipte gjennom århundrar.
Liv Ulvik – vokal
Andreas Haddeland – gitarar, bass, rubab, perkusjon
Ulrik Ibsen Thorsrud – trommer, perkusjon, klokkespel, sag