Valkyrien Allstars

 

Rått, energisk og inderleg

Valkyrien Allstars er her stadig - takk og pris! Sidan dei dukka opp på konsertscenene i 2007 har bandet gått i spiss når det gjeld utviklinga av arrangert folkemusikk. Dei har for lengst fått stempel som eitt av dei beste konsertbanda i landet, og for kvar plate Tuva Syvertsen og co har sleppt, har dei teke steg i nye retningar, og likevel enda opp med eit musikalsk uttrykk dei ikkje deler med nokon. For mange vil signaturen deira minne om rock og popmusikk, men i kjernen av den er det mange og tydelege referansar til norsk tradisjonsmusikk.

Låtane og musikken vert laga og arrangerte av dei fire musikarane i lag, og dei lukkast ganske ofte å lage låtar som blir ein slags evig kjærleik og mysterium som aldri vert løyste. Ein konsert med Valkyrien Allstars er både energisk og inderleg, og byr gjerne på overraskande vendingar mot ein botn som vanskeleg let seg simulere: gnistrande samspel.

Tuva Syvertsen - vokal, fele

Erik Sollid - fele, gitar, vokal

Magnus Larsen Jr - kontrabass

Martin Langlie - trommer

 
Det låter både rufsete og raffinert, både deilig teatralsk og dypt personlig.
— Jon Mikkel Broch Ålvik, Morgenbladet

Konsertar:

Fredag 9. juli kl. 22.30-00.30
The Kuraybers / Valkyrien Allstars
Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord Hotell & Spa

Forrige
Forrige

Utla

Neste
Neste

Østerlide