KVEDARKVINTETTEN - TAGAL

 

Ordlaus folkesong

Tagal er eit nyskrive verk som utforskar den ordlause delen av folkesongen. Komponert av Jorun Marie Kvernberg for vokalgruppa Kvedarkvintetten.

 

 “Tagal” kan omsetjast til å teie still, vere taus eller ordlaus, og verket utfordrar rammene for vokalmusikk ved at tekstelementa er så godt som fråverande. Å 'låte på kjafte', altså å synge instrumentallåttar, er ei grein innanfor den tradisjonelle folkesongen. Kvedarkvintetten har dei siste åra særleg gått i djupna på låttetralling. Med improvisasjon i eit ordlaust språk set dei saman småstavingar og finn fram til dei lydane som kan etterlikne t.d. felespelet best, i form av rytme og frasering. Dette er eit personleg og individuelt språk som kvar enkelt utøvar utviklar og er åleine om, og det er såleis unikt for Kvedarkvintetten å finne eitt felles trallespråk for fem stemmer.

*Den prislønte komponisten og musikaren Jorun Marie Kvernberg har lang erfaring med å komponere ny musikk med røter i folkemusikken. I 2020 vart ho tildelt arbeidsstipend frå Statens Kunstnarstipend som populærkomponist. Kvernberg er einaste folkemusikar som er tidelt TONO sin Edvard-pris. Mest kjend er ho kanskje frå gruppa Majorstuen (2000-2020), der ho komponerte mykje av materialet for fem strykarar.

Kvernberg har ein sterk fascinasjon for stemmer som instrument og alt som opnar seg når instrument blir erstatta av vokalistar, særleg då ei gruppe som har folkesong-kodane fremst i sitt uttrykk. Slik har samarbeidet mellom Kvedarkvintetten og Kvernberg vorte til.

Kvedarkvintetten består av fem folkesongarar frå Hallingdal. Gruppa har vore sentral på den norske folkemusikkscena gjennom mange år, og har fleire spanande prosjekt bak seg, blant anna plata “Julesong” (Grappa) som kom ut i 2017. Kvar for seg er dei framtredande utøvarar innan folkemusikk og folkedans, og som kvintett er dei av dei leiande vokalgruppene i Noreg som dyrkar folkesong i a capella format.


Margit Myhr - vokal

Sina Myhr - vokal

Helga Myhr - vokal og hardingfele

Tonje Risdal Liahagen - vokal

Silje Risdal Liahagen - vokal

 

Konsertar

Torsdag 8. juli kl. 20.00-21.30

OPNINGSKONSERT: HEIME

Idrettshallen, Førdehuset

Fredag 9. juli kl. 16.00-16.50

Kvedarkvintetten - TAGAL

Storsalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

Kartellet

Neste
Neste

Kviven duo