Kviven duo

 

Drivande god slåttemusikk til kvardag og fest

Kviven er fjellet som skil Hornindal i Nordfjord frå Austefjorden på Sunnmøre, så Kviven duo var eit naturleg namneval når Hornindals-felespelaren Britt Pernille Frøholm og Volda-Romsdalingen Jorun Marie Kvernberg gjekk saman for å formidle nye og gamle slåttar frå dette område, der folk hadde ferdast fram og tilbake både til arbeid og fest i lang tid.

Duoen hentar materiale både frå Nordfjord, Sunnmøre og Romsdal, og er saman om å lage snedige og elegante arrangement. Samspelet er friskt og førsteklasses, enten dei kastar seg ut i drivande springarar - eller ein roleg vals, rytmisk reinhelder eller var folketone.

Kviven Duo si første plate, Kvakksalvar-Guri, vart nominert til Folkelarmprisen 2020.

Volda-Romsdalingen Jorun Marie Kvernberg spelar fele og hardingfele, syng og klimprar på harpeleik, er ein av landets beste folkemusikarar. Ho har vunne Spellemannprisen to gonger, og er den einaste som har vunne den ærerike «Edvard-prisen» for komponering i sjangeren folkemusikk. Kvernberg er sentral i fleire av dei fremste folkemusikkgruppene, som felekvintetten Majorstuen, trioen Tindra og i duo med Gabriel Fliflet. Dei siste åra har ho også dyrka solospelet, og nyt stor respekt for sin lysande, kraftfulle tone, sin virtuositet og for djerv musikalsk nyskaping.

Britt Pernille Frøholm er ein allsidig felespelar frå Hornindal i Nordfjord og er A-klassing på Landskappleik både på fele og hardingfele. Ho fekk tidleg kjennskap til den lokale slåttemusikken i bygda gjennom m.a. bestefaren Matias Frøholm, og fekk seinare gå i lære hos andre lokale spelemenn. Ho har vore svært aktiv og ettertrakta som frilans musikar siste ti åra. I tillegg til turnering i Noreg, har ho også spelt i Japan, USA, Canada og store delar av Europa både med grupper og som solist. Frøholm har gitt ut ei rekkje plater og er aktiv i gruppene MAAR, North Pole Experience, Boreas, og Friensemblet, og har fleire ulike soloprosjekt. Ho vart i 2016 tildelt Oppland Fylkeskommune sitt kunstnarstipend, og har også motteke Statens Kunstnarstipend.

 

Konsertar:

10. Juli kl. 20:30-22.00

Festivalgalla

Idrettshallen, Førdehuset

 

Søndag 11. juli kl. 16.30-17.30

Kviven Duo

Bdhuset, Gloppen

Forrige
Forrige

KVEDARKVINTETTEN - TAGAL

Neste
Neste

Mambo Compañeros