MISS TATI’S ANGOLA70

 

Festivalstemning av beste merke

Som ei ny forgreining av Miss Tati si underlege verd, kraup Angola70 først fram som eit tingingsverk på ein svett klubb for eit par år sidan. Det fungerte optimalt då Miss Tati samla favorittane sine blant musikarar og dansarar for gje seg i kast med semba, rebita og soukous. Konserten på Nattjazz vart magisk - proppa av krispy perkusjon, markerte gitarar, solid vokal og ikkje minst dei autentiske rytmane som har fyllt dansegolv verda rundt i lang tid.

Med musikken sin tek Miss Tati publikum med til landet der foreldra hennar kjem frå, Angola. Landet var portugisisk koloni i 400 år, fram til 1975, og er framleis prega av den 27 år lange borgarkrigen som pågjekk frå 1975-2002. Borgarkrigen er grunnen til at Miss Tati sine foreldre hamna i Portugal. I kolonitida var det forbode å snakke dei angolanske språka kimbundu og umbundu i landet, men i Angola70 tek Miss Tati makta tilbake gjennom sitt musikalske mandat - og syng både på desse språka og portugisisk.

Saman med eit knippe av dei finaste musikarane i Bergen, utforskar ho røtene sine og den mest dansbare angolanske musikken. Eit par musikalske avstikkarar til nabolandet Kongo gjer ho, men berre for å skape herleg festivalstemning, og gje deg musikk du kanskje ikkje visste at du elska.

Tatiana Palanca

Audun Humberset

David Aasheim

Irem Muftugolu

Ivar Tormodsæter

Jon Trygve Olsen

Jonas Hamre

Liliana Palanca

Ole Andre Farstad

Pablo Tellez

Sandra Benjamin

Thomas Dahl

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 16.30-16.50

MØT ARTISTEN: MISS TATI

Utstillingssalen, Førdehuset

 

Laurdag 10. juli kl. 22.30-01.00

MISS TATI’S ANGOLA70 / Busi NCube Band

Sunnfjordsalen, Scandic Sunnfjord Hotel & Spa

 
Forrige
Forrige

Meelodi

Neste
Neste

Morgonrode