Morgonrode

 

Folkemusikk i energisk, nyskapande og utforskande form

Med eit fritt og ekte uttrykk viser Morgonrode ein kreativ måte å lage folkemusikk på, der målet er at musikken skal vekse og utfalde seg i nye himmelretningar. Dei tradisjonelt skulerte musikarane, som har spelt saman sidan 2015, tek alle triks i bruk når kammermusikk, strykekvartettar, tradisjonelt slåttespel, vare folketonar og klanglege improvisasjonar smeltar saman til ein overjordisk lyd - som sjølvsagt berre kan kallast morgonrodersk. - Morgonrode er ein eldre skrivemåte for ‘morgonrauda’, den raude himmelen ved soloppgang, og for oss er det symbolet på den retninga vi ønskjer for musikken vår, seier Helga Myhr.

Morgonrode sitt repertoar strekkjer seg frå springar og gangar til salmar, viser og bånsullar. Det er tradisjonelle og nye slåttar - og også nye tekstar. Det tradisjonelle får brynt seg, når Morgonrode leitar etter det særeigne. Tonalitet, rytme og klang pirrar musikarane som eksperimenterer seg fram til Morgonrode sitt musikkuttrykk gjennom improvisasjon og nye komposisjoner.

Rasmus Kjorstad – oktavfele og vokal
Selma French Bolstad – hardingfele og vokal
Helga Myhr – hardingfele, vokal
Fredrik Luhr Dietrichson – kontrabass
Andreas Winther – trommer og perkusjon 

 

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 18.30-19.30
Morgonrode
Teatersalen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

MISS TATI’S ANGOLA70

Neste
Neste

NEW CONCEPTION OF RAGA