NEW CONCEPTION OF RAGA
Med New Conception of Jazz var Bugge Wesseltoft med på å ta jazzen inn i ein ny sfære - den elektroniske. Meir enn 20 år etter albumet kom ut, har både jazz som sjanger og prosjektet New Conception of Jazz oppfunne seg sjølv fleire gonger - også som eit band der Wesseltoft spelar med musikarar som Sanskriti Shrestha på tabla og LILJA på gitar.
I denne tradisjonen lanserte Melafestivalen og OK World prosjektet New Conception of Raga i 2020. Her har Oddrun Lilja Jonsdottir og Sanskriti Shrestha fått med seg Rohini Sahajpal på sitar og Tejaswinee Kelkar på harmonium og vokal. Alle fire musikarane er skulerte sørasiatiske raga-tradisjonar: Lilja med Ashraf Sharif Khan frå Pakistand; Sahajpal med faren, Shri-Lal Sahajpal og Hariprasad Chaurasia frå India, og Shrestha med den store nepalske familien sin. Kelkar på si side er forskar på musikk og kroppsrørsle, med fullført doktorgrad frå Universitetet i Oslo. Med denne ballasten tek New Conception of Raga tradisjonane med seg inn i framtida
Sanskriti Shrestha - tabla
Oddrun Lilja Jonsdottir - gitar
Rohini Sahajpal - sitar
Tejaswinee Kelkar - harmonium, vokal