Novgorod

 

Fyrrig musikk frå fyrrige musikarar

Det er på tide at nokon leverer musikken som duftar av soltørka tømmerveggar og sydar av tjern og myrar. Det er på tide at nokon gjev oss musikken frå låge trebyar ved Østersjøen, frå hovudlause vodkafestar med saltagurk, honning og smetana i lågblokkene frå etterkrigstida. Nokon må no komme med den fyrrige musikken som rann ut frå cabaretlokalet, som flaut opp frå dansebana ved elva - og valsane, verdas vakraste…

Novgorod hentar fram denne musikken: Musikken som er russisk, finsk, jødisk, nordsvensk, sigøynsk. Moll-dominert og melankolsk. Vill og vital!

På konsert med Novgorod får du høyre deira originale tolkingar av nordsvensk swing (ofte med kossakkdans undervegs), lærerike songar på tysk av Bertold Brecht/Kurt Weill, hardtsvingande finsk humppa, jiddisk tango og lengselsfulle valsar. Med innleving, temperament og kraftfull, firstemd song.

 

Gabriel Fliflet - trekkspel, vokal

David Chelsom Vogt - fele, vokal

Kristoffer Chelsom Vogt - kontrabass, vokal

Jørgen Sandvik - gitar, vokal

 

Gabriel Fliflet har vakse op til lyden av svensk, finsk og norsk. Årets folkemusikar 2011. Mange kjenner ham fra samarbeidet med trommeslagar Ole Hamre i duoen Fliflet/Hamre, som i år har halde på i 30 år, hausta lovord blant kritikarar og publikum, og samarbeidd med m.a. Kari Bremnes, Knut Reiersrud og Jan Eggum. I denne samanhengen auser han av sitt kjennskap til etnisk populærmusikk frå sitt finske fødeland, sigøynermusikk m.m.

David Chelsom Vogt og Jørgen Sandvik har spelt saman sidan dei var små. Mest kjende er dei frå bergensbandet Real Ones, som starta med irsk og britisk folkemusikk og så etter kvart utvikla sin eigen, fengande popstil med impulsar frå tallause etniske tradisjonar. Kritikaryndlingar. Publikumsyndlingar. Bylarmprisen 2007, Spellemannsprisen 2009 og 2013.

Kristoffer Chelsom Vogt deltek med storebror David i nyskapande Kniv og Taffel Swingjazzorkester og med Gabriel Fliflet m.a. i hans og Jon Fosse sitt verk Åresong. Både Kristoffer Vogt og Jørgen Sandvik har vore sentrale i fleire av tingingsverka og prosjekta til Gabriel Fliflet.

Novgorod har eksistert tisdan i 2003, og har spelt på Festspillene i Bergen, NattJazz, VossaJazz, Balkanfest, Finsejazz, Hardingtonar og Balejazz, Folkemusikklubben Columbi Egg, Riksscenen, m.m.

 

Konsertar:

Laurdag 10. juli kl. 15.00-16.00

Novgorod

Festplassen, Festplassen

Laurdag 10. juli kl. 20:30

Festivalgalla

Idrettshallen, Førdehuset

 
Forrige
Forrige

NEW CONCEPTION OF RAGA

Neste
Neste

NOWOR