Blazin' Fiddles
Verdsstjernene frå Skottland
Blazin’ Fiddles vart etablert for ein enkelt turné i Skottland så langt tilbake som i 1999. To tiår seinare, er dei framleis i stand til å løfte taket når dei står på scena. Felespelarane utgjer eit sjeldan stort og virtuost utval av dei mange feletradisjonane som finst i det skotske høglandet og på øyane. Støtta opp av kraftgitar og piano, pakkar denne gjengen alt av kraft, lidenskap og kjensler i skotsk folkemusikk inn i ein konsert.
Dei stiller med følgjande fire felespelarar i front: Bruce MacGregor frå Inverness, Jenna Reid og Rua Macmillan frå Shetland og Kristan Harvey frå Orknøyane. I bakrekka, Anna Massie og Angus Lyon på høvesvis gitar og piano. Om dei spelar på bygdehuset eller i Royal Albert-typen sal, oppnår dei umiddelbart kontakt med publikum, og leverer konsertopplevingar for minnebøkene - kvar gong!
Blazin’ Fiddles er kåra til Scotland’s Folk Band of the year fleire gonger - seinast i 2019 - og sekstetten har i årevis vore den mest profilerte og kjende folkemusikkgruppa i Skottland. Dei har turnert over alt, og har også spelt på Førdefestivalen tidlegare - men det er lenge sidan no!
Bruce MacGregor - fele
Jenna Reid - fele
Rua Macmillan - fele
Kristan Harvey - fele
Anna Massie - gitar
Angus Lyon - tangent