Bassant
Spektakulære og fargerike sigøynartradisjonar
Bassant har sitt utgangspunkt i møtet mellom artistar frå ulike religionar og ulike kastar eller sosiale klassar i dette området av India. Dei gjev publikum eit innblikk i dei rike musikk- og sirkustradisjonane frå Rajasthan. Gjennom song, dans og akrobatikk presenterer dei materiale frå sentrale byar og stadar i landet til Maharajaene. Kraftfull song får gnistrande akkompagnement av harmonium, sarangi, sitar, tabla, dholak, algoja og khartal, og den tradisjonelle Kalbeliya- eller Sapera-dansen, vert framført av ein profesjonell Kalbeliya-dansar som på grasiøst vis kopierer slangen sine mjuke rørsler. Denne sensuelle dansen er ein tradisjon frå sigøynar-kasten som er velkjende for healing og slangetemming. Publikum får også oppleve den spektakulære fakirdansen, som vert framført i fargerike drakter, inspirerte av livet til kvinnene i Thar-ørkenen.
Mr. Anwar HUSSAIN
Mr. Sattar KHAN
Mr. Narendra RANJAN GANDHARBA
Mr. Nishad Ali KAWA
Mr. Sahil BAGARWA
Mr. Savan KHAN
Ms. Leena Aline DOOLLEE
Ms. Claire Soumia KICHENAMOURTY
Ms. Supki SUPKI