Ayom

 

Multiglobal supergruppe

Dei seks musikarane i Ayom kjem frå Angola, Brasil, Hellas og Italia, med den brasilianske perkusjonisten Jabo Morales som sjølve midtpunktet. Det musikalske utgangspunktet er ulike brasilianske musikktradisjonar, som på meisterleg viss blandar seg med element og rytmar frå heile den afrikanske diasporaen: Her er det både brasiliansk, tropisk, afrolatin og portugiske vibbar. Musikk som får det meste av skyer til å fordufte. Namnet deira, Ayom, referer til musikkguden som i følgje brasiliansk mytologi lærde menneska å spele musikk og synge.

Musikken deira både peikar på og lånar frå folkemusikken i Brasil, Angola og Kapp Verde. Trekkspel, akustiske og elektriske gitarar, brasiliansk perkusjon og den vakre, avslappa songen til Morales får alt til å høyrest naturleg. Det er både feminint og maskulint. Poetisk og energisk. Det er tradisjonelt og moderne. Musikk som gjer deg glad!

To år etter at debutalbumet deira ‘Ayom’ vart kåra til Årets album av Songlines Magazine, held suksessen til Ayom fram på festivalscener verda over.


Aloise Felippe Morales de Melo - vokal, perkusjon

Alberto Becucci - accordeon

Timoteo Grignani - perkusjon

Walter Martins - perkusjon

Ricardo Quintera - gitar

Francesco Valente - bass

 
 

 Arrangement

Fredag 8. juli kl. 22.30 Elaha Soroor & Kefaya / Ayom / DJ99

Larris Scene, Scandic


 
Forrige
Forrige

Aurom

Neste
Neste

Bassant