Aurom

Foto: Rakel Eimhjellen Paulsen

 

Moderne og minimalistisk vokaltrio

Aurom sin musikk er inspirert av både minimalistiske melodiar, det stillfarne og mjuke og det intenst ekspressive. Dei tre har ulik vokalbakgrunn og kombinerer desse med folkesongar, improvisason og nye komposisjonar i materialet sitt. Tekstane går rundt livet før og no, og harmoniane og klangane deira både rører og utfordrar lyttarane.

Trioen vart til hausten 2017. Dei tre studentane ved Norges Musikkhøgskole fekk i oppgåve å lage ein konsert med fokus på folkesongar og tonalitet, og oppdaga at dei hadde sans for dei same musikalske elementa. Konsertsamarbeidet enda opp i ein trio som utforskar klang, dynamikk, improvisasjon og krafta i den menneskelege stemma. Målet med musikken til Aurom er å skildre dei sidene ved livet som ikkje kan skildrast med ord åleine.

Dei tre kvinnene i Aurom er: Guro Utne Salvesen, ein allsidig songar frå Rogaland med ein master i folkesong i samtidsmusikk, Ingebjørg Lognvik Reinholdt frå Telemark, folksongar med eit ekstra varmt hjarte for dei ulike stemmene i sin eigen tradisjon, og Malin Alander frå Sogn og Fjordane, folkesongar i tradisjon etter Unni Løvlid, og sterk på komposisjon og improvisasjon.

Aurom sitt første album, Utan å dirre, kom ut på NyeNor i april 2021.

 

Malin Alander - vokal

Ingebjørg Lognvik Reinholdt - vokal

Guro Utne Salvesen - vokal

 

Arrangement

Laurdag 9. juli kl. 12.00 Aurom

Sogn og Fjordane Kunstmuseum


Laurdag 9. juli kl. 23.00 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic

 
Forrige
Forrige

Atine

Neste
Neste

Ayom