Compañia Mercedes Ruíz
Personleg og sterk danseformidling
Mercedes Ruíiz er fødd i Jerez de la Frontera. Jerez er ein av dei sentrale byane i spansk flamencohistorie, mellom anna kjend for sin internasjonale flamencofestival. Frå ho var 7-år dansa Ruíz i dei viktigaste flamenco-kompania, fram til ho byrja solokarrieren sin i 2002, og etablerte sitt eige dansekompani alt året etter.
Både som dansar og koreograf har Mercedes Ruíz markert seg ved å fornye og utvikle klassiske flamencotradisjon, og gjennom karrieren har ho vunne pris etter pris i konkurransar og på prestisjefyllte flamencofestivalar. I tillegg til å skape store klassiske flamenco-show, har Mercedes Ruíz med suksess utforska flamencodans i mindre format, der samspelet mellom song, gitar og dans blir meir intenst.
Til Førdefestivalen kjem Mercedes Ruiz med sine nyaste produksjon, Segunda Piel (Den andre hud), som hadde premiere i februar i år på den store internasjonale flamencofestivalen i Jerez og fekk strålande mottaking både av publikum og presse. Dette er ei veldig personleg danseframsyning, der Mercedes Ruíz dansar ut det flamencoen betyr for ho: Dansen gjev meg både språk og kjensler. Flamencoen er som mi andre hud.
Mercedes Ruiz - dans
Santiago Lara - gitar
Mercedes Cortés - vokal
Londro - vokal
Pedro Navarro - perkusjon