Mads Erik Odde
Meistertrekkspelar frå Garmo
Mads Erik Odde spelar trekkspel, og er frå Garmo i Lom. Han er ein av dei fremste utøvarane i landet på sitt instrument. Han fekk i 2021 Spelemannprisen for soloplata Logne slåttar i kategorien Folkemusikk/Tradisjonsmusikk. Mads Erik Odde er mykje nytta som dansespelemann og instruktør i tillegg til at han er ein aktiv konsertutøvar, både som solist og saman med konstellasjonar som Lendmenn, FIRO og Gjevre, Odde & Vårdal. Han har utdanning frå folkemusikklina på Vinstra og Norges musikkhøgskule, der han fullførte mastergraden i 2017. I tillegg til å vere frilans musikar, jobbar Mads Erik som lærar i kulturskulane rundt om i Nord-Gudbrandsdalen.
Mads Erik Odde - trekkspel
Arrangement:
8. juli kl. 17.30 Tett på: Mads Erik Odde
Trapp Ned, Sentrum Sør