Jaakko Laitinen & Väärä Raha
Balkan-romani-rytmar a la Lappland
Jaakko Laitinen & Väärä Raha (Falske pengar) vart etabert i 2009 av fem finske lapplendarar busette i Helsinki. Dei spelar ein heilt eigen musikkmiks der ulike musikalske ingrediensar er marinerte i ein spesialsaus, som smakar mest av balkan romani rytmar, russiske romansesvisker og finsk tango. Lydbildet er sterk vokal, trompet, bouzouki, trekkspel, kontrabass og trommer. Songane er 99% eigenkomponerte, med kjærleik på godt og vondt som gjennomgåande tema, ispedd livets salt, litt død, nostalgi og tapte minne, samt ein dose skjøre jordiske gleder og ikkje minst våre ubønhøyrleg forfengelege ambisjonar. Rytmane og melodiane kjem med glede og sorg, akkurat som sjølve livet.
Lappland-Balkan-bandet har gjeve ut fire kritikarroste album, men er først og fremst kjende for å levere ekstremt bra når dei står på scena. I løpet av dei tolv åra Väärä Raha har eksistert, har dei spelt omtrent 70 konsertar i året, i rundt 20 ulike land. Dei tek store scener med storm den eine kvelden, og skaper den mest joviale og intime stemninga i eit klubblokale den neste.
Jaakko Laitinen - vokal
Marko Roininen - akkordeon
Ilkka Arola - trompet, bouzouki
Juho Kanervo - kontrabass
Janne Hast - trommer