Karolina Cicha & Company
Fargerik polsk tradisjonsbærar
Karolina Cicha er songar, komponist og multiinstrumentalist, som mellom anna leitar fram skattar i minoritetskulturar. Til Førde kjem ho med sitt siste prosjekt, The Karaim Music Map. Dette vart lansert i 2020 som eit virtuelt prosjekt, men kom ut fysisk året etter. Det er første gong den karaimske musikktradisjonen har kome ut på plate.
Karaimane er gjerne omtala som den minste minoriteten i Polen, og tel berre rundt 200 personar. Sidan minoriteten er kosmopolitisk, altså spreidd over fleire landegrenser, trengs det eit kart for å kunne forstå historia, identiten og kulturen deira. Kartet viser korleis karaimane har reist, gjennom Warsawa, Lutsk, Trakai, Halych, Vilnius, Kyiv og byane på Krim-halvøya. Alt har vorte markert på det virtuelle kartet og er representert med songar i Karolina Cicha si tolking. Karaimsk musikk er inspirert av musikktradisjonane i Litauen og på Krimhalvøya, men har også henta mykje frå musikken i Ukraina, Russland og Polen.
Karolina Cicha spesialiserer seg på å finne fram til musikk-skattane hos minoritetskulturar. På den måten syter ho for at dei gamle songane lever vidare, og den orientalske karaim-tradisjonen får ei moderne innpakning.
Karolina Cicha
Mateusz Szemraj
Patrycja Betley
Olena Yeremenko
Mike Kulichenko
Andrzej Kijanowski
Arrangement
Laurdag 9. juli kl. 13.30 Karolina Cicha & Company
Festsalen, Førdehuset
Laurdag 9. juli kl. 16.00 Møt artisten på Kardemomme
Kardemomme kaffibar, Sentrum Sør
GRATIS INNGANG
Laurdag 9. juli kl. 23.00 Columbi Egg
Restaurant Hugleik, Scandic