Kolonien

Foto: Olof Grind

 

Svensk feelgood - perfekt for ein sommarfest

I over 10 år har familiekvartetten Kolonien vore ein del av den moderne folkemusikkscena. Med sin karakteristiske song og mangfald av musikalske påverknader har dei utfordra bildet av samtidas folkemusikk og skapt sitt eige kreative rom i utkanten av tradisjonell musikk; ei blanding av akustisk rootsmusikk og melodiøs songpop som når langt utover andre sjangrar.

Kolonien sitt tredje album ‘Till Skogen’ kjem ut 22. april i år, på Supertraditional i Skandinavia og Combancha internasjonalt. Det er ei personleg historie om fire vener, ein familie og ein stad. Ei heimbygd og skogen utanfor garden. Om 10 år saman som band. Om det vanskelege og gleda ved å vekse opp saman og om alt det betyr å sjå pårørande gå vidare og nye liv komme til. om ein frustrasjon over samfunnet sitt aukande fokus på individet og spørsmål om korleis vi skal møte dei store utfordringane i tida.  Den første singelen, Time will tell, kom ut internasjonalt i juni 2021.

Kolonien debuterte med albumet Clockwise i 2012, og for det fekk dei prisen for Årets nykommar under Folk and World Music Awards. I 2015 følgde dei opp med Land of Dreams. Den internasjonale interessa for bandet er stor, og etter 500 konsertar i 14 land og showcase-konsert på Folk Alliance International i Kansas City i 2018, er dei inne med årlege turnear i Nord-Amerika.


Erik Rask

Arvid Rask

Anna Möller

Mischa Grind

 
 

 Arrangement

Laurdag 9. juli kl. 17.00 Kolonien

Festplassen

 
Forrige
Forrige

Karolina Cicha & Company

Neste
Neste

Leahkit