Leahkit
Ei reise mellom ulike stadar i medvitet
Leahkit er eit fasinerande og engasjerande møte mellom grunnleggjaren av FRIKAR, Hallgrim Hansegård, og den samiske musikaren og joikaren Torgeir Vassvik.
Leahkit er nordsamisk for ”å vera til stades”, ein fysisk, mental og spirituell tilstand som har hamna på gourmetdisken i ei tid der multi-tasking blir forventa dagleg.
Hansegård og Vassvik har dykka ned i sine respektive tradisjonar for transe i dans og musikk. Gjennom tidene har slike tradisjonar vorte stilna av fornorsking og kristning. «Leahkit» er eit sjeldant møte mellom norsk folkedans og joik, og utforskar ei reise mellom ulike måtar å vera til stades på.
Hallgrim Hansegård etablerte FRIKAR i 2006 for å skapa samtidskunst basert på eldgamal kunnskap. Verka hans er spelte i 30 land og tallause tv-kanalar. I 2013 fekk han sølvprisen under Prix Italia. Han har lært av dei gamle meistarane, pusta støvet av sjeldne skrifter og søker alltid etter ny kunnskap om mennesket og nye samarbeidsformer.
Torgeir Vassvik er ein av våre mest markante joikarar. Han representerer ein lang kontinuitet i formidlinga av den kystsamiske musikken og fornyar denne med ein lukkeleg kombinasjon av austlege og vestlege element.
"In Leahkit he artfully and groundbreakingly combines the archaic with the contemporary and thus is a real genious of his art." Westdeutscher Rundfunk
"Leahkit is an experience you can't protect yourself against." Finnmark Dagblad
Sjå også Teater Innlandet sin omtale: http://www.teaterinnlandet.no/leahkit/