Folkemusikken og forteljingane
Jølsterspelemannen Anders Viken i tonar - og ord
-Musikken til Anders Viken ligg inn i framtida, skal Sigbjørn Bernhoft Osa ein gong han sagt. Spelemannen frå Jølster var kjend for å «bruke baae felone meisterleg». I eit konsertprogram kunne «Ave Maria» stå side om side med «Fanitullen». Då han sjølv tok til å komponere musikk, eller tonestykkje som han sjølv kalla det, var dei fine og krevjande melodilinjene prega av kor teknisk god han var, både på flatfele og hardingfele.
Kvar kom skaparkrafta frå? Korleis let det seg gjere å kombinere familieliv og lærargjerning med ei så rikt og nyfike kunstnarskap? Korleis var dagane og tankane, draumane og vonene? Rom for ord og Førdefestivalen har invitert forfattar Arne Henning Årskaug til å skrive fram mannen og kunstnaren, i skjønnlitterære tekstbolkar. I «Folkemusikken og forteljingane» møter dei nye tekstane forteljingar og framføringar slik Viken-tolkar og formidlar Arne M. Sølvberg har forma dei, saman med gitarist Øyvind Lyslo.
Framsyninga skjer i samarbeid med Rom for ord, og støtta av Norsk kulturråd.
Arne M. Sølvberg - fele
Øyvind Lyslo - gitar
Arne Henning Årskaug - forfattar