Godlynt
Neste generasjons gammaldansmusikk
Me er ei folkemusikk gruppe frå Vestlandet som har kalla oss for Godlynt. Gruppa vart stifta i september 2021 under prosjektet Folk Session: Prosjekt ny gammaldans. Målet med prosjektet var å gje 4 unge norske musikarar sjanse til å utvikle kvar sitt nye gammaldansorkester som i framtida kan fylle danselokale rundt i landet med neste generasjons gammaldansmusikk. Hanna Moira vart vald av Riksscenen til å vere ein av dei fire. Kvar gruppa har også fått tildelt ein mentor, og vår er Ingrid Schei Stuhaug
I gruppa har me med folk frå både jazz, klassisk, ulike rytmiske sjangrar og folkemusikk frå fleire kulturar. Me spelar slåttar som er innanfor alle sjangrar i gammaldans. Vi brukar element frå kanadisk folkemusikk, jazz, klassisk og rytmiske sjangrar, på same tid som me ønskjer å halde den typiske gammaldansmusikken i hevd. Me har og etter kvart lyst og gå inn i litt bygdedans sjangrar.
Målet med musikken vår er å vise fram andre måtar å spele gammaldansmusikk på, på same tid halde fast i gammaldanstradisjonen og få folk på dansegolvet.
Hannah Moira Midtbø-Bruner - fele, hardingfele
Edvard Kildahl Andersen - gitar
Siri Nordgård - torader
Live Tønnesen Norberg - chello
Uma Moriela Buston Reksten - kontrabass