Gabriel Fliflet

 

Bergensk musikkfenomen i særklasse

Gabriel Fliflet er ein fargerik folkemusikar og musikkmakar, og ein velkjend, humorist og klubbvert frå Bergen. Han er kjend for sitt fleirkulturelle musikkuttrykk. Trekkspel er hovudinstrument, men i tillegg trakterer han pianoet og brukar stemma som ingen andre. Musikken han skaper har grobotn og ein klang etter eit langt liv med folkemusikk. Den gjev energi, og har i 40 år vore eit lukkeleg levebrød for Fliflet. Han har rikeleg med jarn i elden året gjennom, men som alltid ferierer folkemusikklubben Columbi Egg i Førde under festivalen, så fredag og laurdag kveld er han på plass i Hugleik igjen med musikalske gjester frå fjern og nær.

 

Gabriel Fliflet – vert, trekkspel, song

 

Arrangement

Fredag 8. juli kl. 22.30 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic


Laurdag 9. juli kl. 23.00 Columbi Egg

Restaurant Hugleik, Scandic

 

 

 
Forrige
Forrige

Artistar & intrument 2022

Neste
Neste

Godlynt